Betingelser for kjøp

 

Prisar

Alle prisar er eks. mva. Me førebeheld oss rett til å regulere prisar i samsvar med myndigheitene sine bestemmingar når endringar trer i kraft før ordren er lever, dersom anna ikkje er skrifteleg avtalt.

Det same gjeld endringar av valutakursar, transport, toll og andre utgifter mm. Me tar føre behald om endring av prisliste utan varsel.

Leveringsbetingelsar

Varer vert levert frå lager Stord. Forsendinga skjer på kjøpar sin risiko. Forsikring blir bare ordna etter ordre frå kjøpar og på kjøpar si rekning. Me tar ikkje ansvar for skade som oppstår ved at levering blir hindra, blir vanskeleggjort eller vert forseinka av andre omstende som er utanfor vår kontroll.

Emballasje

For samtlege produkt kjem tillegg for emballasje / pall.

Betalingsbeteningar

Våre generelle betalingsbeteningar er netto pr. 14 dagar. Siste betalingsdag står påført faktura.
Ved for sein betaling, bereknast rente for tida 1,5 % pr. påbegynte månad. FLISDESIGN / Engevik Byggsenter har salspant i dei leverte varer inntil kjøpesummen, inkludert renter og omkostningar er fullt utbetalt.

Reklamasjon

Varemottakar har plikt å kontrollera vare ved mottaking. Ved openberre synlege skadar, må reklamasjon skje ved levering, og påtegnas fraktbrevet. Keramiske fliser sin kvalitet skal være i samsvar til NS og EN standardar for dei enkelte produkta. Keramiske fliser er naturmaterialar som gir variasjonar i farge og nyansar. Det er derfor kjøpar si plikt å kontrollere varer før oppsetting. FLISDESIGN  / Engevik Byggsenter er derfor ikkje ansvarlege for monterte fliser med synlege manglar samt opp/ ned montering av flisene dersom desse ikkje tilfredstillar kjøpars krav til utsjånad. Ved skjulte manglar som viser seg etter montering, må reklamasjon skje seinast 7 dagar etter at mangelen burde vore oppdaga.

Returvarer

Returvarer mottas ved franko returforbinding, bere når avtale er gjort på førehand. Varer eldre enn 90 dagar, vareparti under Kr. 5000,- spesialprodukt som krev frostfri transport og lager, og produkt som ikkje blir lagerført av oss, kan ikkje returnerast. Ved godkjent retur, kreditera det fulle beløpet ved leveringsdag, minus 20 prosent. Dersom returen inneheld brekkasje , vil brekkasje varer ikkje bli honorert. Masseberekningar utført av oss kan ikkje utan vidare påberopas som grunnlag for retur.

Garanti og ansvarsbegrensning

FLISDESIGN/ Engevik Byggsenter garanterer ein feilfri produksjon av våre produkt. Produkta må brukast etter forskrifter og rettleiingar påført våre produktblad og emballasjar. Då brukar sitt arbeidsforhold ligg utan vår kontroll, påtar me oss ikkje ansvar for det oppnådde resultat. Vårt ansvar avgrensar til omlevering av produkta.

NB! Keramiske fliser vil vanlegvis ha fargenyansar frå brenning til brenning.

Særlege bestemmingar

I tilfelle brann, ulykker, feilbrenning, drift forstyrringar, streik, lockout, trafikkhindringar, mobilisering, politisk uro eller andre forhold som er hindrar vårt arbeid, atterheld me oss rett til heilt eller delvis å gå frå påtatte forpliktingar.

 

Me tek atterhald om eventuelle trykkfeil.

 

 

 

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×